.

Nyhende

Astrid til filmen

Astrid Overaa har fått rolle i den store engelske filmproduksjonen "Wide Blue Younder". Astrid som for mange er mest kjent som XL frå duoen S-M-XL var i fjor med på eit par førestillingar under sommarrevyen i Stryn. I august blir ho igjen med på sommarrevy når Stryn Underhaldning tek turen til Ålesund.

I desse dagar er Astrid i full gang med sommarrevy på Fitjar saman med to gamle strynekjendisar Petter Aagaard og Ole Bergesen. På Fitjar haustar ho gode kritikkar og revygjengen på Fitjar har 13 stappfulle førestillingar i sommar.

I august månad er Astrid og Teaterfabrikken med på Ålesund si nye satsing med Sommarrevy. Her vert det show med Astrid, Jorun Erdal, Ole Bergesen, Roy Aron Myklebust og Tvinnereimsbrørene. I bakgården på teaterfabrikken er Stryn Underhaldning på plass med teltet og konseptet frå Stryn og Fitjar - Full trøkk med revy og allsong i telt med 4 mansorkester og smilande servitørar!
(Sist oppdatert 20.juni 2007, 16:19)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.