.

Nyhende

Går so det grine!

Sjølv om det framleis er billettar igjen til førestillingane framover, er det ingen ting å seie på interessa kring årets revy. Over 1500 har så langt sikra seg billettar. Noko anna som viser at interessa er stor, er at vi sette ny vekes rekord i antal treff på sidene våre!
 © Anita Karin Myklebust Kommentarane frå publikum viser at årets revy fell i god jord. Mange har kome med tilbakemelding om at dette er den beste revyen så langt. Det set vi stor pris på. Det er likevel slik at folk er ulike, også når det gjeld kva som er god humor eller ikkje. Fylgjande vart fanga opp på herretoalettet sist helg. A: Jaja, kva du tykte om revyen då (Eit forholdsvis greitt spørsmål å stille når ein står og held seg kring veslekaren) B: Jau, den var no nokolunde. Men dei skulle hatt med Ole (Ole Bergesen. red.anm)

Vel, til den trengande si trøst får vi seie at det heilt sikkert vert høve å sjå Ole på scena i Stryn mange gongar også heretter. Det kan også anbefalast alle Bergesen fans å ta seg ein tur til Ålesund eller Sogndal seinare i sommar. Der vil Ole stille med sine glansnummer!

Før det skjer satsar vi alt på 5 knallgode førestillingar til i Stryn!
(Sist oppdatert 19.juni 2007, 09:09)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.