.

Nyhende

Særs gode kritikkar!

Premierehelga er over. Stemninga i teltet var stor både på revyen og på allsongdelen. Kritikken i pressa er god. Sunnmørsposten gjev revyen terningkast 5, medan Fjordingen meiner årets revy innfridde dei skyhøge forventningane.
Publikum storkosa seg under årets premiere i Stryn. Det gjorde tydlegvis aviskritikarane og.

Sunnmørsposten:
Terningkast 5! SommarGale Stryn slår til for fullt! Roy Aron Myklebust er den dominerande aktøren på scena og stel det meste av showet. Han er knakande god! ... ...Karane i Stryn Underhaldning klarar seg godt på eigne bein og det er dei ein verkleg må le av, men profesjonelle Asbjørnsen er med på å løfte revyen og står for fleire gode innslag. ... Maria Haukaas Storeng leiar allsongen. Dette er ein viktig del av revykonseptet og Maria klarte og lyfte allsongen til dei store høgder. Her var det liv!"

Fjordingen:
" Gapskratten sat laust under premieren på «Sommargale Stryn på telttur». Spesielt monologane til Roy Aron
Myklebust slo godt an. Også Tvinnereim-brørne og nykomarane Idol-Maria frå Senja og sunnmørsjenta Hilde Louise Asbjørnsen innfridde dei høge forventingane... ...Stemninga gjekk fleire gongar heilt i telt-taket."


Billettsalet er godt framover. Over 1500 har allereie sikra seg billett til årets revy og komande helg nærmar seg fullsett!
(Sist oppdatert 12.juni 2007, 12:51)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.