.

Nyhende

Allsongshowet i boks

Årets allsongshow er spikra. Etter ei hektisk øvingshelg har musikerar og artistar kjeme fram til årets settliste på allsongen under sommarrevyen. Totalt sett vil publikum oppleve over 35 ulike låtar under allsongshowet på årets sommarrevy i Stryn, Ålesund og Sogndal.
- Vi har jobba steinhardt for å fornye allsongbiten på årets sommarrevy. 3-4 arrangement vil nok publikum kjenne att, men nesten 70 % av allsongen er heilt ny av året. Vi har heile 5 medley og vi pressar over 35 låter inn på ein god time, så her vil det verkeleg svinge i revyteltet. Maria Haukaas Storeng leverar varene med trøkk og årets allsong er absolutt på høgde med tidelegare år, lovar ein fornøgd Inge Matias Tvinnereim.

Årets sommarrevy startar 9. juni i Stryn. Bestill bilettar på tlf 57 87 07 00!

No har også sommarrevyen fått eiga side på Facebook:
Sommarrevy på Facebook

(Sist oppdatert 20.mai 2007, 00:07)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.