.

Nyhende

Påskerevyen fall i smak!

Med to fullsette førestillingar og god stemning i salen seier også vi aktørane oss nøgde med årets påskerevy.
Gjesteartisten Ørjan Liavåg likte seg godt i Strynebygda og ordførar Støyva kosa seg som gjest i den lokale utgåva "På Løvebakken".
Med stort sett nyskrive materiale var det ekstra moro å gjennomføre ein tilnærma prikkfri revy. Godt tempo og varierte innslag gav publikum ein god time med mykje galskap. Møringen Ørjan Liavåg var nytt bekjenskap for både aktørar og publikum, men han bidrog på beste vis til at dette vart ein flott revy.

Omlag 400 personar fekk med seg revyen skjærtorsdag og påskeaftan.
(Sist oppdatert 10.april 2007, 12:10)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.