.

Nyhende

Påskerevyen "Nøtt på nøtt"!

Torsdag er det premiere på påskerevyen " Nøtt på nøtt" på Stryn Hotel. Med på laget har vi Ole Bergesen og Ørjan Liavåg. Sistnemnde kanskje først og fremst kjent som rollefiguren Leif Per - taxisjåfør og svogeren til Hildegunn Moltubakk. I tillegg vil revyen også by på ein særs overraskande gjesteopptreden!
Utan å røpe for mykje om innhaldet kan publikum i alle fall vente seg parodiar på både lokale og rikskjende personar, aktuelle saker frå området blir løfta opp på scenekanten og det blir lagt opp til ein lokal vri på det populære TV-programmet på Løvebakken.

Påskerevyen spelast Skjærtorsdag og påskeaftan.

Billettar tingar ein på Stryn Hotel, telefon 57 87 07 00.
(Sist oppdatert 04.april 2007, 11:12)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.