.

Nyhende

Maria Haukaas Storeng til SommarGale Stryn!

Ho var soleklar favoritt til å vinne heile Idol i 2004, og det førde difor til store avisoppslag då ho rauk ut halvvegs i tevlinga. Sidan den gong har ho gitt ut plate og hatt hovudrolla i musikalen Hair. No er Maria Haukaas Storeng klar for SommarGale Stryn!
27- åringen er oppvaksen på Senja, men songtalentet har ved fleire høve ført henne til Oslo.
Som 11 åring fekk ho hovudrolla i musikalen ”Annie” på Bryggeteateret. Dette medførte faktisk at heile familien valde å flytte og bu i Oslo medan ”Annie” vart spela.
Fem år seinare var ho klar for nok ei musikalrolle i hovudstaden. Då i stykket ”Trollmannen frå Oz” på Det Norske Teateret.

Mest kjent er ho derimot for si deltaking i musikktevlinga Idol i 2004. Dommarane gav tidleg uttrykk for at Maria var deira favoritt, og det vakte difor sterke reaksjonar då ho midtvegs i tevlinga måtte takke for seg. Men Maria fekk trass i dette delta på Idol sin sommarturnè, og ho bidrog dessutan med eigen song på samleplata frå Idol- deltakarane dette året. Seinare på hausten kom også plata ”Breathing” som selde til gull.

- Maria har ei flott og kraftfull stemme, litt sånn soul- aktig, som garantert vil både rocke og gi frysningar i revyteltet, seier Torstein Tvinnereim frå Stryn Underhaldning. – Maria skal først og fremst leie allsongen, men kjem nok også til å bli nytta i deler av revyen. Med hennar musikalbakgrunn kan ho brukast på dei fleste områder – og det er viktig i eit sånt type arrangement.

Frå før har sommarrevyen i Stryn også sikra seg Hilde Louise Asbjørnsen. Premieren er laurdag 9. juni i revyteltet ved Stryn Hotel.

Maria Haukaas Storeng
(Sist oppdatert 27.mars 2007, 18:14)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.