.

Nyhende

Generalsponsorane er på plass!

Av

Thor Tenden Transport, Sparebanken Sogn og Fjordane og Næringshagen. Dette er dei tre generalsponsorane for SommarGale Stryn 2007. Vi er såklart svært takksame for at desse vil vere med oss på årets revysatsing. Den største i fylket nokon sinne.
Å skaffe sponsorar er ikkje nødvendigvis noko artig jobb. Når ein derimot får så positive samarbeidsparnerar som desse tre, er det faktisk ei stor glede å kunne få jobbe med å skaffe seg sponsorar. Det at produktet vi kan tilby er så spennande at tre så viktige aktørar ynskjer å profilere seg gjennom våre sommarrevyar, tek vi som eit stort kompliment!

I tillegg til Næringshagen, Thor Tenden Transport og Sparebanken Sogn og Fjordane som generalsponsorar er vi på jakt etter 6 hovudsponsorar og minst like mange støttespelarar. Håpet er at det er fleire der ute som ynskjer å profilere seg gjennom SommarGale Stryn!
(Sist oppdatert 27.mars 2007, 15:04)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.