.

Nyhende

Hilde Louise Asbjørnsen klar for sommarrevyen

Gjengen bak sommarrevyen i Stryn har fått sansen for damer frå Møre!
I fjor var det ålesunderen Ina Breivik som figurerte som gjestartist i revyteltet, og i år er det sykkylvingen Hilde Louise Asbjørnsen som er henta til strynebygda.
Hilde Louise Asbjørnsen Det er kanskje ikkje alle som koplar namnet Hilde Louise Asbjørnsen med ein gong, sidan ho først og fremst er kjend gjennom duoen Asbjørnsen og Joh. Her er ho i tospann med Oslo-jenta Lene Kongsvik Johansen. Deira siste revyshow, «Snusk, snadder og gruff» vart av den kjende kulturanmelderen Mona Levin i Aftenposten, kåra til å vere den beste revyen i 2006. Showet har også hausta terningkast 5 i både Dagbladet og VG.

Hilde Louise er ved sidan av å vere ein dyktig skodespelar, også ein svært talentfull jazzsongar og låtskrivar. Ho har gitt ut tre album og har ved sidan av revyførestillingane stadig vekk konsertar rundt om på ulike jazzklubbar.

Publikum kan med andre ord glede seg til ein aktør med solid erfaring frå både revy og sang.
- Vi har sidan første utgåva av sommarrevyen i 2003 streba etter å ha med oss ein eller fleire artistar utanfrå, og då gjerne med proffesjonell bakgrunn. Årets gjesteartist er kanskje den mest proffesjonelle i så måte, seier Inge Matias Tvinnereim – Utan å røpe for mykje ser det også ut til at vi får med oss endå ein artist av proffesjonelt kaliber på årets sommarrevy. Kven dette er må vi derimot kome tilbake til, seier Tvinnereim løyndomsfullt.

(Sist oppdatert 12.mars 2007, 12:54)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.