.

Nyhende

Inge Matias skal underhalde på idrettstinget

Siste helga i mars held Sogn og Fjordane Idrettsskrins årsmøte på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Stryn Underhaldning er representert ved Inge Matias- rett nok ikkje som møtedeltakar, men derimot som festmiddagen sitt humoristiske alibi.
Inge Matias har sjølv bakgrunn som aktiv idrettsutøvar ( sjølv om dette no byrjar å bli mange år og kilo sidan!) og dessutan fleire verv og jobbar innan idrettsrelaterte bedrifter og organisasjonar. Sist som arrangementsjef for Sogndal Fotball. Når han no inntek idrettstinget er det derimot som underhaldaren Tvinnereim.
-Eg gler meg! Idrettsentusiastar er som regel eit godt publikum å underhalde. Der ligg latteren aldri langt unna, seier han. Og vi ønskjer sjølvsagt lukke til....eller "break a leg", heiter det visst!
(Sist oppdatert 08.mars 2007, 20:32)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.