.

Nyhende

Premiere Juleshow i morgon

I morgon kveld, fredag, er det premiere på Juleshowet Måløy Mandarin. Det knyter seg stor spenning til mottakelsen, sidan store deler av showet er nyskrive materiale. At fjorårets show hausta såpass mykje skryt som det gjorde, har også lagt litt ekstra press på trioen Terje Raudi, Inge Matias og Roy Aron.
Fredag vil heile dagen gå med til siste finpuss og gjennomkøyring av dei ulike innslaga. Showet er i god og tradisjonell revyånd. Utan å røpe for mykje om innhaldet vil i alle høve både parkeringsavgift og føden på Eid bli omhandla i det vel time lange showet på Norlandia Måløy Hotel.

Og skulle nokon ha lyst til å ta turen for å oppleve god julemat ilag med god underhaldning, så er der framleis nokre ledige plassar både førstkomande fredag ( 2. des.), samt 8. og 9. desember.
(Sist oppdatert 30.november 2006, 14:04)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.