.

Nyhende

Stryn Underhaldning utteken til spennande prosjekt!

Saman med 11 andre kulturbaserte verksemder i Sogn og Fjordane, er Stryn Underhaldning plukka ut til det såkalla FRAM-prosjektet.
Målet er at ein i fellesskap samt ilag med eigen rådgjevar som prosjektet stiller til rådvelde, skal utvikle seg vidare som kulturbedrift. Gjennom 6 samlingar skal dei ulike verksemdene føreta ei kartlegging og etterkvart utarbeide ein handlingsplan for vidare satsing og utvikling. Målet er å skape bedrifter med potensiale for gjennomslag nasjonalt, og for einskilde også internasjonalt.

Mellom dei 12 bedriftene finn ein filmskaparar, dansarar, biletkunstnarar og forlagsfolk- i tillegg til oss på revy/ teater/ opplevingssida.
(Sist oppdatert 24.november 2006, 15:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.