.

Nyhende

Suksess med Radio Røysi

Med gode parodiar har Roy Aron Myklebust suksess med humorprogrammet Radio Røysi i NRK Sogn og Fjordane. Kvar fredag ettermiddag er Roy Aron, Ole Johannes Øvretveit og Geirmund Henjum klare med nye sprell i studio.

Roy Aron Myklebust © Tor Yttri - Eg er no inne i min andre sesong med Radio Røysi. Det er utfordrande å skulle lage nye tekstar kvar veke og radio er ei artig form å jobbe med. Det skjer så pass mykje gape her i fylket at det er skjeldan noko problem med idear - utfordringa er å få noko artig ut av det.


Sangfugl
- Du har aldri vore noko glad i å synge på scena. Litt overraskane at du no syng kvar fredag i radioen. Har publikum vore for lite på scena?
- Hehehe, eg kjem vel aldri til å synge "skikkeleg". No er det ein Torsheim parodi, so då kan eg gøyme meg litt bak det når det kjem enkelete sure tonar, smiler Myklebust.

Radio Røysi er tilgjengeleg på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane og du kan også laste det ned som podkast. Radio Røysi
(Sist oppdatert 19.oktober 2006, 10:06)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.