.

Nyhende

Finale og premiar til SommarGale Stryn

- 4 av 17 innslag i finalen frå frå SommarGale Stryn!

Sommarrevyen sine innslag gjorde det særdeles sterkt under revyfestivalen "Berre galskap" på Fitjar i helga. Festivalen er "vestlandsmeisterskap" i revy, og samla rundt 30 ulike revygrupper frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. I denne sterke konkurransen vann Roy Aron og Torstein prisen for beste framføring med sketsjen "Beiterett". Ole Bergesen vann med beste monolog med Fitjarbuen. I tillegg kom sommarrevyen til finalen med Bjarne Skjølberg i Roy Aron sin skikkelse og Småen med Ole Bergesen og Petter Aagaard.
Roy Aron imponerte juryen med si framføring av Beiterett. Det var også stor jubel i teltet når juryen las opp resultatet. Det var tydleg at publikum var einige i juryen sin dom. Mindre populært var det såklart ikkje at Ole Bergesen kunne ta heim sigeren for beste monolg på heimebane!

At det i frå SommarGale Stryn også kom to andre innslag til finalen viser at nivået på revyen i Stryn held høgt nivå. Størst negativ merksemd fekk dessutan juryen sitt val av å vrake songnummeret til Inge Matias. At Fødesongen vart vraka vart karakterisert med sterke ord som "skandale" av nøytrale tilskodarar. Uansett vart det ei flott helg for Stryn Underhaldning og SommarGale Stryn på Fitjar. Ros også til arrangøren som igjen gjennomførte ein flott revyfestival, der Petter Aagaard sin allsong etter finaleførestillinga var med på å toppe ei vellukka helg!
(Sist oppdatert 24.september 2006, 22:29)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.