.

Nyhende

På veg mot Fitjar...

Om to veker er det igjen klart for revyfestival på Fitjar. Stryn underhaldning sine representantar ska også i år ned og prøve på å få dei største latterkulene og dei finaste prisane.
Annakvart år er det Revyfestival på Fitjar. Her samlast revyartistar frå heile Vestlandet til dyst. Stryn Underhaldning har gjort det skarpt begge gongar dei har vore av stad. Første året vann Torstein med beste pris for beste tekst. Inge Matias framførte songen "originalen". Ein song som Jon Are Steen har skrive musikken til. For to år sidan vann Inge Matias og Torstein med beste sketsj. Roy Aron hadde skrive manus til "Fedrer på trilletur".

Tek ein med innsatsen til "reservemedlem" Ole Bergesen har Stryn Underhaldning vunne ei rekkje prisar. Sist vann Ole med beste monolog, medan både han og Torstein var med på beste songnummer.

I år reiser Inge Matias, Roy Aron og Torstein avstad med 3-4 nummer klare. _Vi har vel ikkje heilt bestemt oss for kva vi skal ha med på revyfestivalen enno, men vi føler at vi har bra å velgje i. Det blir derfor spanande å sjå korleis innslaga slår ann på festivalen, seier Roy Aron til vår eiga heimeside. (Heller ikkje denne gong lukkast det oss å finne nokon andre som kunne intervjue oss til vår eiga side her på nettet.)
(Sist oppdatert 07.september 2006, 20:48)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.