.

Nyhende

Og så var ein ny sommarrevy over...

Av Roy Aron

Litt vemodig er det for oss aktørane å konstatere at sommarrevyen 2006 er historie. Men med fullt telt og eit publikum av sjeldan god vare, blei det ei flott avslutning laurdag på "SommarGale Stryn- som aldri før".
Tilbakemeldingane frå publikum har vore veldig gode denne sommaren, og dei fleste verkar for å seie seg einig i at årets revy vart som aldri før. Med dyktige folk som Ina Breivik, Petter Aagård og Ole Bergesen med på scena var det ein sann fryd å produsere årets sommarrevy. Vi må heller ikkje gløyme våre eminente musikarar Odd Inge Rand, Jon Are Steen, Håvar Blakset og Åge Nygård. I desse har vi eit heilproft band som mange revyar kan misunne oss.

Til slutt vil vi rette ei stor takk til alle som var på revyen i sommar, og særleg alle dei som årvisst støttar opp om arrangementet ved å gå både ein og to gonger. Tusen takk også til våre sponsorar: InMedia, Thor Tenden Transport og Stryn Næringshage.

PS. Eksagt publikumstal er enno ikkje klart, men kjem tilbake til dette så fort vi veit:)
(Sist oppdatert 14.august 2006, 21:30)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.