.

Nyhende

Øyvind Angeltveit til sommarrevyen!

Fredag 4. august vil revyartisten, stand-up komikeren og fast medlem av Lompelandslaget, Øyvind Angeltveit, kaste glans over sommarrevyen i Stryn. Anledningen er at Ina Breivik må melde fråfall akkurat denne førestillinga. Men godeste Angeltveit skulle vere ei framifrå erstatning, og publikum bør absolutt vere om seg med tanke på billettar sidan det er kun denne eine kvelden han vil ta del i revyen.
Øyvind Angeltveit skulle vere kjent for dei fleste som har fulgt med på revyfronten opp igjennom åra. Lompelandslaget har mange revysuksessar bak seg og Angeltveit har spelt ei sentral rolle her sidan starten i 1987. I seinare år han også vore å sjå på fjernsynet i barne-tv programmet "Barnas supershow",og før det i "Rabarbra". For øyeblikket spelar Angeltveit i ein annan sommarrevy, i Tønsberg.

Ole Bergesen er også ein god kamerat av Angeltveit og er ein viktig årsak til at vi no har lokka han til sommarrevyen i Stryn. Dei har spelt saman ved fleire høve, så publikum kan truleg sjå fram til nokre "høgdarar" frå dette radarparet!Øyvind Angeltveit
(Sist oppdatert 03.juli 2006, 09:19)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.