.

Nyhende

Sommarrevyen nærmar seg!

No når dei første sommardagane alt ha kome, kjenner vi at det rykker i revysjela. Arbeidet med både revy og allsong blir intensiverert og det nærmar seg at vi har alt på plass.
Inge Matias og Jon Are har no lagt allsonglista ut for endeleg godkjenning på vårt interne nett. Det ser spennande ut og det blir gjennhøyr med noko av det som må vere med på allsongen (t.d. Tore Tang) og det blir nye både melodiar og potpurri.

På revysida er det i ferd med å flaske seg. Ina kjem med spanande stoff. Våre revyforfattarar Per Øren og Øyvind Angeltveit jobbar som tusen for å gje oss høgdepunkt. På same tid spyr Torstein ut tekstar på løpande bånd og Roy Aron er i ferd med å lage nokre treffsikre "Myklebust spesial" tekstar. Vi har alt over 50 ulike godbitar å plukke i (+ minst like mange som ikkje kjem i kategorien "godbit"), så å finne 16-17 toppnummer burde vere godt mogleg!

Billettsalet går også bra, så dei som vil sikre seg billettar til ein særskilt dag bør hive seg rundt og bestille.
(Sist oppdatert 09.mai 2006, 10:22)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.