.

Nyhende

Sommarrevy også i 2006!

Vi kan med glede meddele at det vert Sommarrevy også i 2006. Premiera vert 9. juni. Ina Breivik frå S-M-XL, Jorun Erdal og Ole Bergesen er mellom aktørane!
Allsong ekstase 03 © Bengt Flaten- Vi var lenge i tenkeboksen, men tankane på ein sommar utan revy var ikkje god, seier Torstein Tvinnereim. Sjølv har han flytta til Fredrikstad sidan førre revy. - Vi har fått med oss nokre fantastiske artistar til neste år. Jorun og Ole kjenner publikum godt frå før og det er nærmast eit folkekrav at desse vert med vidare. Vi har og med oss eit utruleg godt revyband med Jon Are Steen, Håvard Blakset, Åge Nygård og Odd Inge Rand. Vi gledar oss stort til sommaren og trur vi skal lokke smilet fram også neste år, avsluttar ein storleg fornøgd Tvinnereim.

Ina Breivik skal i vinter ha førestillingar saman med resten av gjengen i S-M-XL på Oslo Nye. Der finn ein også Jorun Erdal i førestillinga West Side Story. – At vi får med oss slike kapasitetar er for det første utruleg moro, men også eit kvalitetsstempel på det vi driv med, seier Inge Matias Tvinnereim.

Førestillingar 2006:
9. og 10 juni
16. og 17. juni
24. juni
28. og 29. juli
4. og 5. august.
(Sist oppdatert 20.desember 2005, 21:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.