.

Nyhende

Ein sommar er over!

Ein hektisk revysommar er over. 2000 innom i revyteltet i Stryn. God respons i Åndalsnes. Kva med neste år? No nærmar julebordsesongen seg med stormskritt!

Sommarrevyen vart ein suksess med vel 2000 innom teltet. Responsen var god og tilbakemeldingane positive. Jorun, Ole, Holkjen og Bandet var med å heve kvaliteten og gjorde ein kjempeinnsats! Det er inspirerande å jobbe med desse!

Åndalsnes var eit spennande pilotprosjekt. Samarbeidet med Terje, Anita og Olav gjekk strålande og responsen frå publikum var veldig god. Sommarrevyen er nok liv laga på Åndalsnes og, men det vil nok ta eit par år før telta vert fulle der og.

Kva med neste år?
Om det vert sommarrevy neste år er enno uklårt. Vi er i tenkeboksen, og må gjere opp status for i år. Vi har veldig lyst, men det tek mykje tid og ressursar. Samtidig som det økonomisk sett er ei belastning. Vi skal legge hovuda i bløt og sei som Hydro: Vi har knekt verre nøtter før!

Julebord
Det nærmar seg julebord med god mat og moro. Allereie no har vi merka stor pågang etter bidrag på den humoristiske biten. Dette er vi sjølvsagt glade for og tek gjerne i mot fleire telefonar.
(Sist oppdatert 26.september 2005, 14:15)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.