.

Nyhende

Glimrande premierehelg!

Sommarrevyen "Best i Telt" samla fulle hus og fekk gode kritikkar på opningshelga. Vel 600 var innom revyteltet, noko som er ny rekord for ei premierehelg!
Revygjengen fekk god respons frå publikum og latteren sat laust under revydelen. Med Jorun Erdal i spissen steig stemninga endå nokre hakk under allsongen.

Har du lyst å få med deg dette showet, er det enno mogleg å skaffe seg billettar til dei neste 6 førestillingane.

Dette skriv pressa:
Sunnmørsposten:
Ein frisk revygjeng med Torstein og Inge Matias Tvinnereim, Roy Aron Myklebust, Ole Bergesen og Jorun Erdal, og med eit flott firmanns orkester til fast og presist følgje, fekk latteren og gapskratten til å runge heilt frå start. Lite merka vi premierenervar, om dei var der, og replikkar og songar sat som dei skulle.

- Revy må opplevast. Det må også Inge Matias Tvinnereim som gammal mann. Utruleg kor mange drivande gode poeng den gamle livserfarne mannen har.

Fjordingen:
- Suveren galskap i teltet! Saman med Ole Bergesen utgjer dei tre karane bak Stryn Underhaldning rett og slett eit funn for sommarleg underhaldning i Stryn! Jorun er den profesjonelle ramma rundt med suveren stemme.

- Revybandet med Odd Inge Rand, Terje Raudi, Ivar Tynes og Håvar Blakset utgjer ein superkvartett!

Sogn Avis:
- Revyen var ein fulltreffar, der folk frå heile fylket vil ha glede av ein tur i revyteltet.

- Stemninga stod høgt oppunder teltduken, og allsongen sette publikum i skikkeleg festhumør.

Relaterte artiklar:
Sommarrevyen

(Sist oppdatert 26.juli 2005, 16:22)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.