.

Nyhende

Vaskebakke og andre bakkar

Vekas skeive augekast er på regjeringa sitt framlegg om starndlinjer til folket.

Den nye regjeringa har invistert til folket. Ny strandlinje på 100 meter. Flotte saker. No er det kanskje ikkje alle som veit at SP dronninga har eiga strandlinje på Hopland. Hytte ved fjorden, og eiga strandlinje. Eg trur kanskje ikkje ho er så veldig streng på badande som skulle forville seg inn på eigendomen, men i eit tankeekspriment går det meste. Sei no at regjeringa valde å løyse inn den flotte strandlinja på Hopland. Åslaug Haga selde ut sine meter for same pris som vaskebakke fekk for sitt.. Det ville nok setje ein ny standard for tomteprisar i området ville eg tru. Det er ikkje mange eigendomar som går for 30 millionar på Hopland.

Med den nye vegen over Kvalen ville nok strandlinja bli mykje brukt. Naboane rundt ville merke trafikken som særdeles plagsom. Vurderingar om å selje ut sine eigendomar til staten ville raskt blitt gjort. Snart kunne alle naust og hytter vere selde, og publikum fekk fri tilgong på heile området. Det ville blitt fleire tusen mennesker der kvar dag sola gløtta fram. Feite som tynne.
Solbrende og bleike. Det aula av badande i fjøra på Hopland som snakka alle slags tenkjelege språk.

Etter meir ein tenkjer på det etter meir får vi håpa at det ikkje skjer. Det ville blitt forferdeleg for både måse og fastbuande.
Det er mange lobbyistar inne på Stortinget no om dagen. Eg trur faktisk bydas vel må sende ein til Soria Moria. Kravet må vere enkelt: Ikkje sel strandeigendomen til SP-dronninga! Bygda er ikkje førebudd på det som i tilfelle ville skje enno!


Les andre skeive augekast her
(Sist oppdatert 26.september 2005, 14:17)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.