.

Nyhende

Super-duo til Sommarrevyen!

Ole Bergesen og Jorun Erdal har begge sagt ja til å vere med på SommarGale Stryn.

Bergesen var også med og prega den første utgåva av revyen i 2003, medan Jorun Erdal var eit særs positivt bekjentskap for fjorårets publikum. – Vi har på ein måte fått i både pose og sekk denne gongen, seier Torstein Tvinnereim.

Trekkplaster
- Sjølv om vi vèl å tru at også vi etter kvart held eit godt nivå på scena, er det utvilsamt eit ”trekkplaster” å ha med desse to aktørane. Stryningane, og folk elles som er potensielle revygangarar, veit kva både Ole og Jorun står for, og dei er på ein måte for litt stjerner å rekne i denne samanheng, seier Tvinnereim. Som sikkert mange har fått med seg, blir Jorun også å finne i den norske Grand Prix-finalen litt seinare i år.

Arrangøren Stryn Underhaldning stiller elles med trekløveret Inge Matias Tvinnereim, Roy Aron Myklebust og Torstein Tvinnereim. Revybandet vert Håvar Blakset, Ivar Tynes, Odd Inge Rand og Terje Raudi.

Premieren på revyen er lagt til 22. juli, og vil deretter bli spelt kvar fredag og laurdag i tre veker. Til saman 8 førestillingar.
(Sist oppdatert 15.februar 2005, 12:06)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.