.

Nyhende

Torstein er konsulent

Laurdag 4.desember skal "Stryn Sentrum", eller næringslivet i Stryn, ha sin eigen revy. Dei til dels urøynde revyartistane har hatt god hjelp frå Stryn Underhaldning. Torstein har vore innleigd konsulent for revygjengen.

- Eg har vore med på eit par møte i forkant, ei øving og generalprøva til revyen. Her har eg prøvd å gje råd om både manusskriving, redigert manus og gjeve regi på scena. Merkar at mange års erfaring frå revyscena gjer at ein kan gje mange tips som eg trur er nyttige.
No er eg såklart spent på korleis revyen blir motteken. Sjølv om dette er ein amatørrevy med mange nye bekjentskap på scena, har eg god tru på at det blir ein veldig bra revy! oppsummerer Torstein til nettredaktøren.

Stryn Underhaldning tilbyr mange ulike tenester, dette er ei av dei. Om andre amatørrevyar vurderer å koble oss inn i revyarbeidet er det berre å ta kontakt. Om de vil ha referansar på korleis det er å ha oss med i revyarbeidet, kan Jørn Sønsterudbråten i Fagre Stryn seie noko om det. Han er ein av dei som no står bak "God kveld Stryn", revyen til "Stryn Sentrum" som altså blir sett opp laurdag 4.desember!
(Sist oppdatert 03.desember 2004, 11:45)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.