.

Nyhende

Underheldt for unge etablerarar

Måndag denne veka var Roy Aron til Bergen og underheldt i samband med eit kurs i regi av Innovasjon Norge.
Kurset samla unge etablerarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland, samt ungdomskontaktane som Innovasjon Norge har i dei ulike regionane i landet. Det var under middagen at Roy Aron bidrog til litt lått og løje hos kursdeltakarane.
- Dei fleste stoppa i alle fall og ete medan eg heldt på, og det tolka eg som at dei likte det eg dreiv på med, seier Roy Aron.
Han deltok også på kurset på dagtid, sidan Stryn Underhaldning er mellom dei som har fått støtte frå Innovasjon Norge det siste året.
(Sist oppdatert 18.november 2004, 21:17)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.