.

Nyhende

Redaktørtørke

Dagens skeive augekast ser på redaktørtørka som herjar i distriktet.
Redaktørtørka har slått innover fjorden. Ja, slik kan det no i alle fall virke. I Fjordingen har dei søkt lengje etter ein ny mann. (Det kunne så klart også vere aktuelt med ei dame, men oddsen for det i dei ærverdige lokala der trykksverta blir brukt som deodorant oppunder armane er nok sopass stor at ingen, verken norske eller utenlandske oddsfirma ville våga å setje det på programmet)

Så var det Strynenytt sin tur. Der er det heller ingen som lenger vil vere redaktør. No ligg sida like brakk som ein husmannsplass langs Storfjorden, utan at eg trur Oddgeir Bruaset kjem til å lage så mange TV program, eller skrive så mange bøker om sida av den grunn.

På Stryn Fotball sine sider har det også vore smått med redaktør siste året. Frå å vere ei av landets beste fotballsider har den gått ned djupe bylgjedalar før ho no så vidt har stukke hovudet over vassflata att og ligg og gispar etter luft.

Fagre Stryn derimot har redaktøren på plass. Men han skriv på feil mål. Ja, så ille er det at folk knapt vil lese verken det som står på sidene eller det som kjem ut i det fargesprakande magasinet. Stryningane er eit brattnakkja folkeferd og veit kva dei vil ha. Unionsoppløysinga og 2.verdenskrig er vi knapt ferdige med, så kom farken meg ikkje her og tre feil språk nedover haude på oss!

Då er det snart berre eit par nettstadar igjen som har noko som kan kalle seg for redaktør. Ja, det er vel nesten eit missbruk av namnet redaktør. Nokon som sit og skriblar ned eit eller anna på ein dataskjerm og sender det utover eteren slik at ein 7-8 særskilt interesserte skal få lov til å lide seg gjennom det, kan vel knappast kalle seg redaktør. Men i mangel på noko betre...

Radio Stryn har vel redaktør, trur eg. Eller har dei det? Kanskje er det også der redaktørtørke? I alle tilfelle, vi har plass til ei vøle med redaktøra her inn i fjorden.

Vi dristar oss til med eit lite forslag:

Fjordingen: Atle Rake. Stødig skribent, verdsvant og med sterke meiningar om det meste. Virkar som om han kom litt på kant med Strynenytt på slutten, derfor prøver vi han i nye lokaler.

Strynenytt: Ståle Meland. Skulesjef i Kongsberg som skriv så mykje i gjestebøkene rundt omkring at han umuleg kan ha tid til noko anna enn å skrive i ulike gjestebøker. Då kan han vel liksågodt styre ei sjappe sjølv...

Stryn Fotball: 68 laget. Det er ingen som veit betre. La dei få sleppe til!

Fagre Stryn: Sylfest Lomheim. Skal det vere nynorsk, skal det jaggu meg vere nynorsk!

Radio Stryn: (om dei skulle falle for freistinga) Bjørn Lødemel.
Høndalsordføraren må få sitt eige medie å boltre seg i. Grunnen kan kvar enkelt få gjere seg opp ei meining om...

Ja, då skulle vel det meste vere løyst.

Kvit røyk blir sendt opp frå jonsokkbålet til stabben når alt er i boks!!


Les andre skeive augekast her
(Sist oppdatert 03.mai 2005, 13:23)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.