.

Nyhende

Aktiv haust

Stryn Underhaldning går mot ein aktiv haust. Etterspurnaden er stor for ulike revy- og underhaldningsoppdrag.
Haustens store oppdrag er kick-off for Statoil Norge på Alexandra Hotell 19. november. Her vert det full revy med allsong. Jorun Erdal, Øystein Kloster og Ole Bergesen vert med gjengen bak Stryn Underhaldning denne kvelden. Med seg får dei eit 4 manns stort orkester med Odd Inge Rand, Ivar Tynes, Inge Ronny Kvåle og Jon Are Steen.

Roleg etter jul
Fram mot jul er det godt med oppdrag på revyfronten for Roy Aron og Lassestrikane. Sidan Roy Aron er student set eksamen stoppar for endå fleire oppdrag. Endå er det mogleg å få Stryn Underhaldning til å underhalde, men det nærmar seg snart full avtalebok.

Etter jul har karane tenkt å ta det meir med ro når det gjeld oppdrag. -Vi lyt fornye oss og nytte tida til å lage nytt stoff. Det nærmar seg og neste Sommarrevy og vi ynskjer å bruke tida godt fram mot Sommarrevyen slik at vi kan levere eit godt produkt, seier Roy Aron i ein kommentar til redaksjonssjefen for Stryn Underhaldning AS.
(Sist oppdatert 31.oktober 2004, 20:37)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.