.

Nyhende

Til topps på Fitjar

Under revyfestivalen på Fitjar, vestlandets største revyfestival, tok Inge Matias og Torstein heim prisen for beste sketsj.

I konkurranse med 200 deltakarar og 40 revynummer, gjekk dei to karane til topps med sketsjen "Fedre på trilletur". Ein sketsj som Roy Aron Myklebust og Geir Engen Hansen står bak på tekstsida, og som desse to hadde på Sommarrevyen. Rett nok var sketsjen litt redigert på Fitjar, men det er absolutt Roy Aron og Geir som skal ha største æra for sigeren.

Dette er 2. gang Inge Matias tek heim ein pris frå Fitjar. For to år sidan gjekk han til topps med sangen bygdeorginalen. Ein sang med tekst av Torstein og melodi av Jon Are Steen.

Det vart også prisdryss til Ole Bergesen, kjend frå Sommarrevyen i Stryn. Han fekk prisen for beste monolog med ikkje heilt ukjende "Fitjarbuen". I tillegg fekk Fitjar teaterlag publikumsprisen og juryens fripris med musikalnummeret "Mullah Krekar" Eit innslag Øystein Kloster og Ole Bergesen var med på samt at Torstein steppa inn på kort varsel og var med på innslaget.

Det har med andre ord vore ei stor helg for Stryn Underhaldning og deira samarbeidskollegaer på Fitjar!
(Sist oppdatert 31.oktober 2004, 20:16)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.