Nyhende
Til Fitjar på revyfestival
I helga reiser Inge Matias og Torstein til Fitjar på revyfestival. Her skal dei delta med kvar sin monolog. Begge monologane er rykande ferske, og det blir spanande å sjå korleis dei hevdar seg med desse.
Revyfestivalen på Fitjar er for heile vestlandet. Det blir difor sterk konkurranse om å kome med i finaleførestillinga laurdagskveld. For to år sidan vann Inge Matias presseprisen for beste tekst og framføring med songen "Orginalen". Korleis det går i år gjennstår å sjå. Vi kjem tilbake med stoff frå festivalen over helga.
(Sist oppdatert 16.september 2004, 13:40)
Gå til nyhendearkiv