.

Nyhende

Kveldsmoro på Haustgilde

I samarbeid med Fagre Stryn Aktivitetselskap står vi i Stryn Underhaldning A/S bak kveldsmoroa på Haustgilde 3.-4. september. Med artistar som Jutullaget, Ole Bergesen og Øystein Kloster vert det ei kjempehelg i teltet!
Kveldsmoroa vil føregå i revyteltet ved utstillingshallen.

Fredag kveld spelar årets vinnarar på landsfestivalen for gammaldans Jutullaget opp til dans. Her er det berre å finne fram danseskoa og svinge seg i dansen til norges beste gammaldansorkester!

Laurdag kveld vert det storshow i teltet. Her kan publikum få oppleve ein Ole Bergesen i praktslag når vi startar opp kvelden med revy. Etter revyen viser vi Italia-Noreg på storskjerm, før vi får eit hyggeleg gjensyn med Øystein Kloster på ein heidundrande allsong etter fotballkampen.
Revybandet spelar etter allsongen opp til dans.

Stryn Underhaldning ynskjer alle hjarteleg velkomne til ei helg utanom det vanlege!

For billettreservasjon og meir informasjon, sjå www.fagrestryn.no
(Sist oppdatert 30.august 2004, 11:52)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.