.

Nyhende

Roy Aron vender heimover!

Etter all sansynlegheit flyttar Roy Aron og familien til Måløy i løpet av september.

Familien Skjølberg Myklebust har kjøpt hus i Måløy. Ei lita perle sentralt i byen frå ca 1880.

At Roy Aron og Åse med familie vert å finne på heimlege trakter etter eit par år i Trondheim er til stor glede for slekt, venner, kollegaer og fans frå fjærn og nær!

Roy Aron aktar nok med denne flyttinga å bli meir aktiv på underhaldningsbiten att. Til stor glede for kolegaer og publikum. Og kjenner vi Roy Aron rett så har han nok planane klare alt for hausten og vinteren.

Roy Aron likar å vere i aktivitet og ha mange jarn i elden, men han likar og å sysselsette andre. Ved å kjøpe eit hus frå 1880 har nok hobbysnikkar Inge Matias og fedrene til Roy Aron og Åse nok å henge fingrane i dei neste åra! For sjølv om Roy Aron har mange talent, så er han totalt utan praktisk insikt!




(Sist oppdatert 17.august 2004, 15:37)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.