.

Nyhende

Takk for i år

Ut frå tilbakemeldingar, direkte og på Facebook, og omtale i ei rekkje aviser konkluderer vi med at Treskifestivalen 2015 vart den store folkefesten vi ønska at den skulle bli- og det er takka vere alle de som stilte opp både på dagtid og kveld!
Mange hundre, ja truleg også over tusen, var samla i sentrum laurdag på dagtid. Rekordmange deltakarar i lengderennet vart heia fram med rop, klapp og bjøller. Folk hadde gjort seg stor flid med både antrekk og farkostar og det var ei fantastisk stemning langs løypa. Vi gratulerer Nils Heggdal og Marit Breidablik som vinnarar av løpet! Også stor ros og gratulasjon til beste utstillar og vinnar av "Den gyldne treski", Stryn bibliotek!

Også på kvelden vart det godt med folk, og Krom og Festivalbandet gjorde ein kjempejobb på scena. Likeeins skryt til Thor Gotaas som leverte eit fyrverkeri av eit foredrag.

Tilbakemeldingane og frammøtet inspirerer til nye festivalar, så:
- Behald nikkersen og stakken, så måler vi på nytt krefter i bøabakken!
(Sist oppdatert 24.februar 2015, 10:16)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.