.

Nyhende

Sommarfest 15. og 16. juni

Sommarfest 15. og 16. juni

Gamangutane & Fredrik Steen inviterer til sommarfest i revyeltet ved Stryn Stadion 15.-16.juni.


Humorshow + allsong + dans + tapas = sommarstemning!
Fredrik SteenFredrik Steen er årets heidersgjest:
Ein av veteranene i det norske stand up-miljøet, og har halde det gåande sidan 1993, både med revy og rein stand up. Hildegunn Moltubakk kjenner vi alle, men i Stryn i sommar får vi sjå andre figurar. Mellom anna vert vi kjende med Kjellstein Skorpen, ungkaren som ikkje har tid til dame sidan han har tresnekke. - Båtpuss tek all fritida mi, seier Kjellstein

Dei siste to åra har komikaren frå Ulsteinvik turnert med stand up-showet sitt "Gi labb!" - og pressa har vore full av lovord for den samfunnsengasjerte sunnmørskomikaren. Radio Norge melde mellom anna: «Dette var virkelig bra. Han får ikke terningkast 6, men det er bare fordi han ikke er fra Manglerud» (Geir Schau, Radio Norge, terningkast 5).

Sommarstemning
Fredrik skal saman med Elling Sølvberg og gamangutane Roy Aron Myklebust, Inge Matias- og Torstein Tvinnereim gi publikum ein munter start på kvelden. For showet er berre starten på festen. Når publikum er varma opp med humoristiske stunts frå scena vankar både allsong med Revybandet og dans med Dr. Doc i teltet.

Servering sjølvsagt!


Billettsal på Stryn Bokhandel.


Bestilling av firmabillettar: Roy Aron Myklebust, tlf. 90 58 14 78/ roy@gaman.no


TAPAS FRÅ KL 18:00
SHOWSTART: KL 20:00
(Sist oppdatert 04.juni 2012, 18:47)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.