.

Nyhende

Roy Aron klar for nytt show!!

Roy Aron er klar med nytt show med premiere i Stryn kulturhus 17.mars kl 2000. Laurdagen etter er det Måløy som får besøk av Roy Aron sine Gretne, galne gubbar!
Her er Fjordingen si førehandsomtale:

Tittelen på showet er omskriving
av filmklassikaren "Gretne,
gamle gubbar" og viser til at ein
gjennom sceneinnslag og video
får møte kjende og nye figurar
som ikkje er skorne for tungebandet.
Med seg i showet har
Roy Aron Myklebust to musikarar,
Paul Inge Angelshaug og
Sindre Kvalheim.
Pusselurige karar
– Kva kan publikum vente seg av
ditt nye show?
– Eg er freista til å seie at det
blir eit innhald i god, gamal Roy
Aron-stil. I det ligg møte med ei
rekkje pusselurige karar. Materialet
er i all hovudsak nytt, men
det blir gjensyn med nokre av
mine gamle figurar som framleis
står seg godt. Det dukkar også
opp nye karakterar, t.d. Leidulf
Lote som har sine heilt spesielle
synspunkt i E39-saka. Eg meiner
sjølv at det blir ein god miks av
nye og kjende figurar.
– Du gjekk ut og bad folk om
tips på aktuelle saker og karakterar
til ditt nye show. Korleis
var responsen?
– Eg fekk åtte-ti forslag. Det
er framleis opning for at element
av det som kom inn, kan nyttast i
showet. Eg ser heller ikkje bort
frå at det dukkar opp nye saker
før premieren 17. mars.
Pensjonisttur til Berlin
– Dette er eit show mynta på
publikum i Sogn og Fjordane?
– Ja, det er mitt område. Eg
prøvar å få med ting som opptek
folk i heile fylket, men der er
også lagt inn eit par innslag tilpassa
spelestaden.
– Kan du røpe noko som
handlar om Stryn?
– Det høyrest kanskje litt kjedeleg
ut når eg dreg fram den
siste pensjonistturen til Berlin,
men trur det blir ein godbit for
strynepublikummet. Ja, og så har
eg ein språkforskar som avslører
opphavet til ein del kjende lokalnamn.
Han har ei og anna overrasking
å by på ...
– Veldig moro
Roy Aron har fått hjelp av Torstein
Tvinnereim med litt tekstskriving
og regien på "Gretne,
gale gubbar".
– Sommarrevyen i Stryn
hadde veldig god nytte av at
Arild Bøe kom inn som regissør.
Når eg har fått med meg Torstein,
er det fordi eg meir og
meir ser verdien av at nokon
utanfrå vurderer det eg held på
med, fortel Roy Aron.
– Det er artig å jobbe saman
igjen etter at vi skilde lag i revyen.
Eg føler at Roy Aron og
eg sparrar og pushar kvarandre
godt. Sett med mine auge skal
dette bli veldig moro for publikum,
seier Torstein.
Alt i rute
Roy Aron Myklebust sitt førre
show (2010) trekte 500 til Stryn
kulturhus. Ambisjonane er ikkje
mindre denne gongen.
– Når Morten Ramm klarer å
fylle Oslo Spektrum, må det vere
muleg å trekkje fullt kulturhus i
Stryn, meiner komikaren frå
Fjelli.
– Til slutt, Roy Aron. Er alt i
rute før premieren 17. mars?
– Ja, men det står framleis
mykje att. Det blir skrive og
jobba med showet heilt opp til
siste veka før premieren. Så dersom
det dukkar opp nye brennheite
saker og fleire pusselurige
figurar, er det framleis sjanse for
at dei får plass i «Gretne, gale
gubbar».
(Sist oppdatert 27.februar 2012, 17:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.