.

Nyhende

Sommarfest 17. og 18.juni

Gaman inviterer til sommarfest i revyteltet ved Stryn Stadion 17. og 18.juni. Her blir det mat, revyshow, allsong og dans!
Askeladden, Roar Brekke 09 © Hans HolmøyvikDet blir ingen tradisjonell sommerrevy over fleire helgar i år, men for å kontrollere eigen og publikums abstinens, arrangerar vi Sommarfest ei helg i juni; 17. og 18.juni.

Vi startar kvelden allereie kl 18 med høgtidleg opning av teltdukane. Frå kl 18.30 serverar SMAK Tapas-tallerken. Middagen blir krydra med kulinariske gjester! :)

Kl 20.00 er det klart for show med Roar Brekke (du hugsar vel mannen med Askeladden under sommarrevyen i 2009??). Showet blir krydra med Gamangutane - Roy Aron, Torstein og Inge Matias

ALLSONG er eit must! Revybandet dreg i gang med allsong frå ca 21.30. Som i fjor består revybandet av Terje Raudi, Åge Nygård, Svein Henning Berstad og Steinar Nesdal.

I tillegg har vi eit par overraskingar på lur.

Vi avsluttar kvelden med Dans i teltet fram til kl 02.00 med Revybandet.

Leskedrikk i ymse fargar og smak vert å få kjøpt i teltet.

Her blir det stinn brakke - så kast deg rundt å ting billettar!!

Billettbestlling:
roy@gaman.no / 905 81 478

Priser:
Heilaften med mat: kr 445,-
Billett utan mat: 295,-
Rabbaterte billettar til firma og grupper over 10 stk ved samla kjøp.

Sjå plakaten her
(Sist oppdatert 26.mai 2011, 12:07)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.