.

Nyhende

Stryn Treskifestival

Stryn Treskifestival går av stabelen 26.februar. Her vert det lengdelaup for store og små, bankett, quiz og dans med revybandet. Bli med og lag folkefest!!
Stryn Treskifestival startar og kjem i mål midt i hjarte av Stryn sentrum. Vi har i år klasse for born. Her blir det medalje, diplom og ein gåverpremie frå Sparebanken Sogn og Fjordane til alle som er med. I tillegg trekker vi ut 6-7 premiar mellom dei som er med. Det kostar 50 kr å vere med og løypa er ca 800 meter lang.

Idealtid er for alle vaksne som ynskjer og vere med på opplevinga, men ikkje ynskjer å stresse rundt. Her brukar ein akkurat så lang tid ein vil. Det er like stor sjanse for premie om ein tek det med ro, eller går litt fortare. Vi har 4-5 ulike idealtider der alle får fine premiar. Diplom til alle som er med! Løypa er på ca 2 km. Det er såleis ikkje den lange fjellturen akkurat…

Konkurranseklassa er for dei som ynskjer å konkurrere litt, eller som ikkje når det før klokka er fire.. Det er fellesstart også her. Vi premierer dei beste. Etterpå trekker vi vilkårleg ut kven som får premie. Dermed er det like stor sjanse å vinne premie om du blir nummer fire eller nummer 12.. Også her er løypa ca 2 km.

Bankett: I utgongspunktet er banketten open for alle, men vi prioriterer dei som har gått løp om det skulle bli fullt.. Vi skal fyrst ha premieutdeling for dei vaknse. Her håpar vi alle kan stille, anten dei skal vere med vidare på banketten eller ikkje. Det blir servert sosakjøt til mat. Gudvald Hagen vil syte for at det vert hyggeleg vertskap.

Damenes og herrenes pokal: I år som i fjor vil ein jury plukke ut kva herre som skal få damenes pokal og kva dame som skal får herrenes pokal. Alle som er med, både på idealtid og i konkurranseklasse, har same sjanse for å vinne. Kriteria juryen går etter er: Stil, innsats og kledning. Det er Sogn og Fjordane Skikrins som har sett opp pokalen.

Spørjekonkurranse: Her vil det bli god gammaldags spørjekonkurranse. Folk kan kome om dei ikkje har vore på bankett. Gamlelæraren vil legge fram skihistorie i førekant, til hjelp for dei som ikkje er så stødige på det planet. Elles blir det spørsmål om både sport og litt anna.. Alle kan vere med her, billetten gjeld då for spørjekonkurransen og dansen.

Dans: Treskiorkesteret Buddies spelar opp til dans til slutt på kvelden. Med i bandet er Terje Raudi, Åge Nygård, Steinar Nesdal, Svein Henning Berstad og Inge Matias. Dansen er sjølvsagt open for alle!! Kom gjerne i gamle skikle, men du slepp inn uansett!

Bli med og gjer dette til ein skikkeleg folkefest! Stryn Treskifestival er komen for å bli, dersom folk møter opp og tykkjer det er moro, vel og merke  !
(Sist oppdatert 24.februar 2011, 09:47)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.