.

Nyhende

Klare til siste helg

Årets sommarrevy har fått glimrande mottaking både frå presse og publikum. "Ein revy utan dødpunkt", "tett av høgdepunkt" skriv pressa, og publikum meiner det er den beste sommarrevyen vi har hatt. Komande helg, 6 og 7. august er siste sjanse for å få med seg årets revy. det er enno ledige billettar, så vi oppfordrar alle som likar å lede på smilebandet om å kome i teltet!
Det er stort tempo i årets revy, og varisjonen i nummer har aldri vore større. Med Henning Stranden har revyen fått ein ny dimensjon. At revybandet også er meir delaktig enn tidlegare på scena gjev revyen ny spennvidde.

Det har også vert ein suksess å strate kl 19.00. På dei tre første førestillingane har det vore eksemplarisk publikum og stemninga har vore topp! Inge Matias er særs glad for utviklinga: -Vi hadde nokre førestillingar no dei siste par åra som vart øydelagt av for høg promille og støy frå publikum. Med tidlegare start på kvelden har dette vore porblemfritt i år. Noko som er ekstra kjekt når alle nummera vi har er gode og vel verdt å få med seg. Vi ynskjer at folk skal kose seg i ei uformell atmosfære, men ikkje at det bikka over til rølp. I år har dette vert slik vi ynskjer. Han ynskjer også folk velkomne på revy i helga!

For bestilling av billett, ring Stryn Hotel på 57 87 07 00. CC 325.
(Sist oppdatert 04.august 2010, 21:40)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.