.

Nyhende

Terje og Steinar med comeback

Terje Raudi og Steinar Nesdal gjer comeback i revybandet 2010. I tillegg erstattar Svein Henning Berstad vår mangeårige bassist Odd Inge Rand. Åge Nygård er som vanleg på plass bak trommesettet og Kjell Henning Holko styrer som tidlegare lyden med trygg hand.
Buddies utan Inge Matias- Det er ingen stor dramatikk bak utskiftinga i bandet. Håvard Blakset, Jon Are Steen og Odd Inge Rand har gjort ein kjempejobb i mange år, vi ynskjer å rette ein stor takk til desse og ynskjer dei velkomen attende, seier Torstein Tvinnereim til Gamanredaksjonen.


- Terje, Steinar og Åge spelar saman med Inge Matias og Kjell Henning i bandet Buddies. Desse har gjort ein god del spelejobbar kombinert med allsong og revy, og er såleis godt samspelte. Dette gjer det enklare reint praktisk i høve Måløydagane og årets sommarrevy. Kjell Henning skal styre lyden, difor vert han erstatta av Svein Henning i Buddies.

- Steinar Nesdal var med på første sommarrevyen i 2003 og Terje Raudi har også vore med tidlegare eit par år. Begge to står for glitrande kvalitet. Svein Henning var så vidt innom revyscena i fjor som stand in for Odd Inge.
Dette er 3 knakande kjekke karar vi gledar oss til å ha med på laget i sommar avsluttar Torstein.
(Sist oppdatert 13.juni 2010, 01:35)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.