.

Nyhende

Mannen med dei tusen stemmer til SommarGale Stryn

Henning Stranden frå Molde blir saman med Marie Kristin Taklo gjesteartistar på sommarrevyen i Stryn. Stranden fekk tilnamnet ”mannen med dei tusen stemmer”, etter å ha gjesta Ivar Dyrhaug på Beat for Beat. Der song han mellom anna heile ”We are the world” med alle stemmene til originalartistane. Årets premiere er 24.juli.
Henning Stranden - Vi har lenge hatt Henning i kikkerten. Han passer perfekt i vårt konsept, sidan han kan bidra med mykje både på revydelen og under allsongen. Han har stor utstråling på scena og er fantastisk til å imitere ulike artistar, seier Inge Matias Tvinnereim. For dei som ikkje har høyrt om Henning Stranden, anbefaler Inge Matias ein tur innom youtube der ein kan sjå ulike klipp av artisten. Blant anna: We are the world,

Marie KristinI tillegg til Henning Stranden, skal ei ung jente frå Eid utgjere årets revy ensemble. Vi har sett Marie Kristin Taklo på to musikalar i det nye operahuset på Eid. Under årets oppsetting Rent, viste ho at ho hadde mange av dei eigenskapane vi er på utkikk etter.

Han skal saman med broder Torstein utgjere den lokale delen av revyen. –Roy Aron Myklebust ville ha ei pause denne sommaren. Vi var i tenkeboksen ei stund, men bestemte oss for å fleske til med den åttande sommarrevyen. No gledar vi oss, og ser fram til revypremiera 24.juli!

Det vil i år bli berre fem førestilingar i revyteltet. Kjem det til å bli plass til alle som ynskjer å sjå revyen?

-Det er klart at når vi no nesten halverer talet på førestillingar, kan det bli verre å få billettar. Vi håpar likevel dei som ynskjer å sjå revyen får plass i løpet av dei tre helgane det heile varer, men det kan nok vere lurt å vere litt ekstra tidleg ute med billettbestillingar i år som startar 1.juli, rådar Inge Matias til slutt.
(Sist oppdatert 13.juni 2010, 01:09)

Gå til nyhendearkiv

Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.