.

Dei nære ting

Låven, 3. og 6. mai 2009

Dette er ei kulturoppleving litt utanom det vanlege. I ein låve midt i Stryn sentrum- nærare bestemt i låven til Birgit og Jens Tonning rett nord for Strynehallen, set Gaman også i år opp førestillinga ”Dei nære ting – og der omkring”.

- Dette er ikkje ein sommarrevy i miniatyr. Programmet passar for alle som er glad i tekst og musikk. Vi håpar vi kan gje folk ei hyggeleg stund der dei kan både le og mimre. Ein del til ettertanke vil det også bli, seier Torstein Tvinnereim .

Målgruppe?

- Dette skulle passe for alle vaksne. For å seie det slik, så er dette er noko eg sjølv kunne tenkt meg å gå på. Eg er sikker på at både dei som er godt opp i åra og dei som tilhøyrer den yngre generasjon vaksne vil finne mykje å glede seg over. Meininga er at folk skal kose seg halvannan time.

Meir info om årets arrangement kjem etter kvart!
Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.