.

Skeive augekast

Eg set og ventar på gaukjen.
Han skal legge egg i ein eller annan kjøttmeis sitt reir. Eller kanskje vel han trasta i år. Det er ikkje godt å vite. Snart so skal det jalfal bli kokko kokko, ut over det ganske grisgrendte strøk. Til og med ut på Tistam har gaukjen funne seg reir. Det er fleire som gaukar seg rundt om kring. I helga hadde Høgre landsmøte. Dei har lagt egg i FRP sitt reir. Der skal Siv og Karl I ligge og ruge fram til september. Kanskje kjem det ein liten blåfugl flygande på ustøe vinger, før han deiser i bakken og må be om kunstig surstoff frå ein eller annan RIMI mann. No sit Erna likevel og gjer seg fin på si eiga flotte grein og samstemmer kokko med Karl i nabobjørka.
Det er ikkje verken så fint å sjå på eller høyre på spør du meg...

Gauka finst det nok av. Det er i alle fall heilt sikkert.

Somme gauka kjem godt med. Det blir så gode historie av det. Ei god gaukeferd kan faktisk moro både mange og lengje. Slik som dissa to granjane heime som var godt i gong, Den eine pissa hin opp i lommen dei sto og diskuterte kraftig ein dag. Hevnen kom ikkje lenge etter. Karen låg og søv middag med avisa utover haude ute på bøna. So bjønde det å regne. Trudde han...

No er det snart 17.mai. Det er 100 år sidan unionsoppløysinga. Mange skal kome på noko endå betre å seie enn kva talaren i fjor hadde klart å grave fram. Det skal ikkje vere berre berrre... Men om det går gale kan det no hende gaukjen redda dei. Første kokko utover fruktblomstring og surfivel bruka å gjere susen. Det ekje alltid det skal så mykje til, berre det kjem på rette tidspunkt og frå rette strupen.

Det er vel dei han trøstar seg med både Stoltenberg og Kristin Halvorsen.

Kokko!

Og kos dokke i vårlufta, so han sa det bonden han gylla.

----------------------------

Redaktørtørke
Redaktørtørka har slått innover fjorden. Ja, slik kan det no i alle fall virke. I Fjordingen har dei søkt lengje etter ein ny mann. (Det kunne så klart også vere aktuelt med ei dame, men oddsen for det i dei ærverdige lokala der trykksverta blir brukt som deodorant oppunder armane er nok sopass stor at ingen, verken norske eller utenlandske oddsfirma ville våga å setje det på programmet)

Så var det Strynenytt sin tur. Der er det heller ingen som lenger vil vere redaktør. No ligg sida like brakk som ein husmannsplass langs Storfjorden, utan at eg trur Oddgeir Bruaset kjem til å lage så mange TV program, eller skrive så mange bøker om sida av den grunn.

På Stryn Fotball sine sider har det også vore smått med redaktør siste året. Frå å vere ei av landets beste fotballsider har den gått ned djupe bylgjedalar før ho no så vidt har stukke hovudet over vassflata att og ligg og gispar etter luft.

Fagre Stryn derimot har redaktøren på plass. Men han skriv på feil mål. Ja, så ille er det at folk knapt vil lese verken det som står på sidene eller det som kjem ut i det fargesprakande magasinet. Stryningane er eit brattnakkja folkeferd og veit kva dei vil ha. Unionsoppløysinga og 2.verdenskrig er vi knapt ferdige med, så kom farken meg ikkje her og tre feil språk nedover haude på oss!

Då er det snart berre eit par nettstadar igjen som har noko som kan kalle seg for redaktør. Ja, det er vel nesten eit missbruk av namnet redaktør. Nokon som sit og skriblar ned eit eller anna på ein dataskjerm og sender det utover eteren slik at ein 7-8 særskilt interesserte skal få lov til å lide seg gjennom det, kan vel knappast kalle seg redaktør. Men i mangel på noko betre...

Radio Stryn har vel redaktør, trur eg. Eller har dei det? Kanskje er det også der redaktørtørke? I alle tilfelle, vi har plass til ei vøle med redaktøra her inn i fjorden.

Vi dristar oss til med eit lite forslag:

Fjordingen: Atle Rake. Stødig skribent, verdsvant og med sterke meiningar om det meste. Virkar som om han kom litt på kant med Strynenytt på slutten, derfor prøver vi han i nye lokaler.

Strynenytt: Ståle Meland. Skulesjef i Kongsberg som skriv så mykje i gjestebøkene rundt omkring at han umuleg kan ha tid til noko anna enn å skrive i ulike gjestebøker. Då kan han vel liksågodt styre ei sjappe sjølv...

Stryn Fotball: 68 laget. Det er ingen som veit betre. La dei få sleppe til!

Fagre Stryn: Sylfest Lomheim. Skal det vere nynorsk, skal det jaggu meg vere nynorsk!

Radio Stryn: (om dei skulle falle for freistinga) Bjørn Lødemel.
Høndalsordføraren må få sitt eige medie å boltre seg i. Grunnen kan kvar enkelt få gjere seg opp ei meining om...

Ja, då skulle vel det meste vere løyst.

Kvit røyk blir sendt opp frå jonsokkbålet til stabben når alt er i boks!!


-------------------------

Sjukehuset gjorde dama frisk

Stort oppslag i Fjordingen i dag om at sjukehuset gjorde ei dame frisk. Det er veldig bra! Tenk kor kjekt det må vere for ho som vart bra igjen!
Likevel så må eg seie at eg gledar meg litt til dei neste reportasjane som kjem. Ja, for det er vel liksom meininga at når ein reiser på sjukehus skal ein bli friske?

Så for å fylgje opp reportasjen reknar eg med det no kjem ein serie med fylgjande overskrifter:

1.Bilverkstad fekk bil til å rulle igjen!

2. Isehaug kafeteria har metta 5000! (utan samanlikning forøvrig..)

3. Fly landa trygt på Sandane Lufthamn!

Til jul kan overskrifta bli noko slikt som:

4. Julekalender med 24 luker, sjokolade funnen i alle!!

_HURRA! uttaler ein glad finnar med sjokoladeslapp langt ned på haka...

Frå Stryn underhaldning si side kan vi opplyse at vi også støttar lokalsjukehuset på Eid. Korleis vi skal få vist det skal vi tenkje på ein dag eller to til før vi eventuelt i iveren lagar ein strålande god reportasje om det her på sida vår!!

--------------------

Kvinnfollk..

Først kom ho Gudrun, våt og vill. Hentesveisane vart løfta rett opp i veire og la seg ikkje på plass før eit par dagar etter. Etter ho kom han Hårek.
Stiv som ein pikhønjel i brunsttida. Det var kanskje ikkje så rart ho hadde det så travelt med å fare over likevel, ho Gudrun.. Så var det ho Inga sin tur. Om ho jaga han Hårek, er det ikkje så godt å seie noko om. Skade gjorde ho i alle fall. Dei gjere ofte det disse damene når dei kjem slik i fullfarten og skal nå over mest mogleg før dei spaknar av.. Så kom ho Kristin. Inn frå Høgre. Inga hadde rekorden so langt. Ho gjorde skade for ein del millionar. Men ho Kristin nøya seg ikkje med det. Når ho først skulle få hentesveisane til å reise seg, gjorde ho det skikkeleg. Ein milliard er ikkje mykje pengar. I alle fall ikkje når ein kan skyte dei opp i lufta...

No kan no dette virke litt kvinnefientleg. Det var no ikkje meininga. Ho Gudrun har no gjett seg på det. Inga var det no mykje kos med og. Ja, for det er no ekstra koseleg å sitje inne, når slike som ho Inga er ute. Då er det berre ho Kristin igjen. Ho vil nok alltid kunne forsvare seg. Ho har no eit heilt departement til å hjelpe seg med akkurat det.
Forsvarsdepartementet.

---------------------

Sørvis?

Eg ska gje deg sørvis opp i ræva!
- Nei, takk flørten, men der sleppe eg ikkje te so sinte menn so tett inn i jula..

Vi andre som stod i køa bak drog på smilebandet, hadde lyst å le, men var ikkje sikre på om vi kom levande der i frå om vi vågde oss til...

Jula er like rundt hjørne. Dei har det ikkje så steikjande enkelt dei som står på butikkane. Ein skal i alle fall ikkje rekne med å få sørvis. Det er no nesten frekt av oss som er kundar, og kjeme slik veltande i hopetal og skal ha alt muleg pakka inn. Det er ikkje enkelt å pakke inn ein rattkjelke. (Er ikkje så enkelt å få tak i ein rattkjelke på butikken helde lenger, men det er no ei anna historie...) Vanlege sindige butikkfolk blir raude i hauda, og køa blir lenger og lenger.
- Sjå han der pakke inn, kviskrar det bak i køa.
- Blir ikkje tidleg vi kjem her i frå skal han stå slik og klaure.
So blir stakkaren endå raudare i fjeset, fingrane slår krøll på seg, og jaggu trur eg han slepp ein liten promp i forfjamselsen.
- Ja, ja, det er eit stress det her, prøvar eg meg når eg kjem fram i køa og skal ha pakka inn diverse.
- Ja, det kan du ta deg fan på, nærmast skrik han stakkarer tilbake. Eg seier ikkje meir.
- God Jul, kviskrar eg etter at eg har betalt. - NESTE!! skrik det frå bak disken.

Puh, berre nokre få julegåver igjen. Skal tru kor eg skal våge meg inn no?

Her gjeld det å vere lur. Kor er det minst folk? Kvar er det du ikkje reiser for å kjøpe julegåver?
Fiskehandlaren!
Eit par gode røykelakssider kan ein vel alltids gje vekk som julegåver. Alt er bra berre eg slepp å stå i kø framfor stressa diskenspringerar mellom overoppheta julegåvehandlara.

- Nei no får du pinade gje deg! Dinja lutafiskjen ha eg sett meg ut! Eg er akkurat komen inn for døra til det eg trur skal vere ein roleg tur for å kjøpe litt røykelaks. Der tok eg skammeleg feil. To damer, som eg trudde var dei snillaste og rolegaste i heile bygda står midt på golvet og skrik til kvarandre. Dei skal kjøpe lutafisk. Den eine har fått tak i ein trekilos torsk som ho svingar faretruande rundt i lufta. - Skal eg daske deg rundt øyrene med den her so du spakna litt, ropar ho. - Hald kjaften på deg di hyse! skrik den andre tilbake. - Lutafiskjen er min, og neggu om du skal få den.
So fekk ho dask rundt øyrene. Tre kilo med fersk torsk trer seg innover ansiktet til ei gammal dame. Det er ikkje mykje pent å sjå på.

- Nei, no får de jaggu gje dokke. Korleis skal eg få solgt dinja torsken om de slær na fordørva? Det ligg ei gammal dame på golvet. Utslått av ein trekilos torsk. Ein fiskehandlar har teke tak i torsken, og står og ristar både den og ho som slo....

- God Jul, prøvar eg.

- Skal du ha deg ein runde rundt øyrene, truar den gamle meg.

- Dinja torsken får du jaggu betale for, seier fiskehandlaren

I frå golvet kjem det eit stønn. Ho er i ferd med å vakne.

Gamla med fisken riv seg laus eit sekund. Kastar torsken i haude på ho som ligg på golvet. - Dinje her kan du te pøkers ha i akvariet ditt!

- Har du røykelaks? Spør eg.

- Kor i helvete blir det av lutafisken min, ropar torskeslåerska.

- Du får ha ein forsatt fin dag, seier eg til fiskehandlaren og går ut.

Eg går heim, og lagar noko i smia eg kan gje vekk, tenkjer eg.

Julehandel er ikkje for folk utan livvakt.

-----------------------

Julestrid

So var det desember. Arbeidsoppgåvene er mange: Skolde grisen, lage talgaljøs, koke potete, bake og kven veit?

Ja, også skulle ein vel ha vore ein tur på coopen og kjøpt julegåve te kjerringa. Nei, det får vere nokre daga te.

So var det julekakene.
Det må vere so mange sorta og so mykje av kvar, at ein har ein del å gje grisen te påske. Det er då ein starta å feite na opp til neste jul, nemleg.

Veiren har gått rondt i garen og hatt det steikjande kjekt i det siste og.
Vrengt overleppa som ein nyskilt 40 åring på firmafest. Det lukta ikkje godt av veiren, men dei klaga ikkje sauene av den grunn.

Om det har noke med jula å gjere? Vel, litt. Det blir vel lite pinnekjøt om ikkje veiren fungera..

Pugge julesonga. Ja, det må te det og. Skal ein få trimma seg litt i jula, må ein kunne sopass mange songa at ein får gått nokre runda rundt treet.

Bryggje øl.
Kan vere vanskeleg, men om ein ikkje får det te har oftast granjen. Det er no endå godt!

Julebord.
Det er rart kva ein pen dress og ein pen kjole og to i promille kan gjere.
Jammen er det mykje pene folk i bygda. Kor dei kjeme i frå er ikkje godt å seie. Vanlegvis er det ikkje så mange av den sorten.

Barne TV

Jul i Skomakergata eller ingen ting. I år er det visst nok ingen ting.
Skjønt det kan det kanskje vere andre meiningar om.

Bensinstasjonen.

Redninga 24.desember. Det er godt å ha ein bensinstasjon i nærleiken. I fjor vart kjerringa gla. Ho fekk ein jekk ho lenge hadde ønskt seg.

Om eg hugsar rett....

God førjulstid!


---------------------------

No i mørkna..

Det er så mykje å sjå på fjernsyna. Ja, og har ein fått seg tallerk opp på veggja, er det ekstra mykje å sjå. Dei fleste har DVD i tillegg. Ja, slik i tilfelle ein ikkje skulle finje noke som va passande på noken av kanalane.
Slik sete vi gjerne i kver sitt bur og kukkelura. Kukkelura oppetter veggane, og kukkelura nedetter veggane. Snakka med veggjen og av og til med dei so e inn i rutene. Gjevande er det kanskje ikkje akkurat, men det er makeleg. Treng ikkje gå ut om døra. Det er både mørkt, kaldt og jæklig.
Nei, ein har det best inje, so han sa det Ellivan, når ein kan sitje inje og ”sleppe skita”.

Granjen sete likeleis. Er ikkje monge som seie stort om han sleppe ein sure ein helde. Han kan no alltids skulde på Ragnhild Sæltun Fjørtoft, Hilde Hummelvoll eller Tom Cruse, om det gjer det noke meir spennande. Dei fise sikkert dei og, men det lukta no liksom ikkje ut gjønå høgtalarane…

”Det va betre før”
Nei, det var det nok ikkje. Folk daua medan dei venta på at doktoren skulle ro seg over fjorden. Sild og potete på tredje veka og daua hesten, va ein hjelpeslaust fortapte..
Likevel: Det blir fortalt om noke dei dreiv med før, vitje granjen. Spele kort, flø ølet og prate skit. Jau, det kunne nok ha vore løje det, men i kveld er det hotell Cesar, vi får ta det igjen ein annjen dag…


---------------------------

Kaffibar?

Før gjekk ein husemyljå på oppskøke. Det kunne bli både fuktigt og løje. Om det va no berre eit lite eldsjøs bort i krånene so va det no likavel so eit lite ljøspunkt i kvardajen, kan du seie. Ja, jalfall var det no lystigt kvelden. Om mørningjen fekk enn no helde søve frampå te kløkka va slek en sju-halv åtte...

No e det lite med oppskøke dokke. Ja, det ekje det, øl finst no på kvert eit hjørne inn i sentrum, so det ekje so møleg å få tak i det om ein skulle ha lyst på ein tår. Oppskøke e det no uansett ikkje, men søve frampå kan en no alltids om en ha vore injaføre på pub og..

Eg ha skjønt ditta dare med pub og bar og greie. Det fungera på same måten som det meste anja som ha med øl og anja sterkt drikke å gjere. Ein tek seg ein bølje eller eit glas drikk opp ditte, og vurdera om ein ska ta seg eit te før ein gjere det..

Men kaffibar?

Ja, ka i bøvelen e no det for nåke??
E det karsk?(Heimebrent og kaffi, for dei som har stemt KRF eitt år eller ti for lengje) Ja, for på ein bar e det no vel alkohol som blir servert? Eg gjekk no inn på ein sleke injaføre no hin dajen. _Eg ska ha ein kaffidøktar, sa eg. (Til same gruppa som sist: kaffidøktar er berre eit anja ord på karsk) Men nei du sett på sutten, det vakje rå med. Slekt for nåke serverte dei no slett ikkje dar, va svare hon ga te meg. Nei, nei sa eg. Ka det e de ha då? _ Det står opp på tavlene dar, svara hon. Jau, takk skulle hon pinade ha. Dar sto no ett og anja dar, men det va no knapt nåke det gjekk an å forstå for eit vanleg krek. _Eg skjønna kaffi, sa eg te ne.
Då såg hon berre rart på meg og svara: _Det e no gøtt det då... Då tok eg altso på meg ryggsekkjen og gjekk. Verda går kanskje framover, men jaggu va det løgnare på oppskøke enn ka det e på kaffibar!

------------------------------

No sete pengane laust inn i vikjene....

No sete pengane laust inn i vikjene. Dei ska få eige kraftverk og greie.
Jau, jaggu. Det bli nukk nye namn på millionærlistene neste år. Arvid Karstad og dissa dare nordfjordkjøt spirrevippane bli nukk berre småstrika når den jamne innvikar ha fått tekje ut utbytte frå storelvene.. Dar kjeme kje te å vere eit namn på dei øverste 20 plassane som kje stamma inja Oddvin Dragesæt land.
Det bli gode tide for pubba nede på bensinstasjona og ve eg tru. Dar kan den jamne innvikar sitje og innta utbytte te longt utover kvelden, sjøl midt i ørka. Ja, for ken e det vel so gidde å gå på arbeid, når pengane so allikevel berre strøyme inn i pongjen. Jau, soleis kan du vel seie at det bli fullt i både den eine og den andre pongjen.. Nei, det var nukk innvikar ein skulle vore no ja...

Tebake te dissa listene. Eg sto kje dar i fjordingja, eg vakje i nærheita eingong. Dei tente gøtt med penge eit par stykkje dar kan du seie. Jaja, dei ha vel slete føre det om dei berre so vidt ha bikka tjue. Uansett, det ekje noke å vere missunlege føre gøttfølk. Vi hakje det so verst vi hine helde!

Eg skar meg i fingren og her ein kveld. Jaggu måtte eg kje ut te eid ein tur. Ekje so øfte eg ha trongje det no sia dei fekk pol her inje og.
Uansett, te Eid bast det, og dar kom det ein spradebasse av ein doktar og steka ein tre-fire sting inn i fingren på meg. Jaggu e det longt å måtte reise ned te eid nattestide for å brodere seg litt inn i ein finger!
Neste gong trur eg jaggu det at eg ska heire med noken av syerskene te ommedala.. Dei ha sikkert kje behov for å forklare meg heile anatomien helde dei for å setje eit par kørssting..

Elles ser eg at dei slite noke jækligt for å finje nukk penga politikarane i år igjen... Jaja, dei klara det vel te slutt i år og. Det bruka å vere mykje skrik eit par månada og so e det liksom atte julefreden senka seg innøve budsjetta og tala smette på plass. Dei siste kamela bruka dei å svelje ned i lag med juleribba på julemøte. Teke dei seg ein gode akevitt når dei kjeme heimatte då so tenkje eg atte dei ha julefred dei og... Men no må eg roe kalendarsvelgjinga mi litt her. Julestria får no vente til ein anjen gonge...

Vel, gje noke gøtt te einkvan du kje ha gjett noke på ei stond og ha det fint so lengje!!

----------------------------------------

Eit skeivt blikk på samfunnet og stadsbudsjettet:

Statsbudsjettet er lagt fram. Om ein hadde gidda kunne ein lese det frå perm til perm. Men kven er det vel som orkar det!?

Var likevel ein del ting eg kunne ha tenkt meg å sjekka opp.

1. Kor mange pengar må ein ha for at ein per definisjon har nok?

2. Kor mykje av statbudsjettet går med til å lage nye vegstikker?

3. Kor mykje av statsbudsjettet går med til å lage statsbudsjettet?

4. Har budsjettet noko betydning for kven som skal vere listetopp for KRF i Akershus? (Eller ligg dette som ein ekstrabevilgning der målet er å kome med ei høyringsuttale for å seinare kunne få ei konsulentbasert rådgjevande
innstilling?)

5. Når eg betaler skatt, kor mykje av den skatten får eg då igjen sjølv?

Vi vil herved oppmode alle som har lese heile framlegget til statsbudsjett om å kome med tilbakemeldingar på desse spørsmåla!
Generalsponsorar: sponsor 2012 Thor Tenden Transport
Publisering: (dagenDin)
Gaman Underholdning AS | Gate 3 nr 26 | 6700 MÅLØY | Tlf.: 90581478 | post@gaman.no
.